fredag, mai 18, 2012

Torenatt, åleinenatt


Natta til den attende mai. Me har ikkje merka la tramontane mykje denne uka kor ho har blese, men me har kjent ho på kroppen av og til. Vinden som er ein mistral, men som ikkje heiter mistral, men altså tramontane (”millom fjella”), og som blir småtullete mens den bles nedover Pyrineane. Det er ikkje som i Finnmark, nei, langt i frå, men det er futt i denne vinden óg. Me vart overraska over styrka i kasta på vei til togstasjonen for eit par dagar sida, togstasjonen ligg på ei høgde. No sit eg oppe med jobb medan Jørnen og Minaen søv, og høyrer på at tramontanaen har teke skikkeleg av. Her er tore og lyn rett utfor vindauget, men berre nokre få regndråpar så langt. Mykje lyd. No er ho her. Ho vil rive sigaretten ut av fingrane mine når eg røykar ut vindauget.

Eg skulle berre bli trøytt, eg, Mina og Jørnen hadde allereie lagt seg, men så byrja eg å lese på denne teksten. Har ikkje samvit til å sitja oppe utan dei viss eg ikkje jobbar. Eg held på med eit svært manuskript som … jau, ein kan seie at det har mykje ord i seg. Men det er ikkje dårleg, heller, så eg lyt faktisk tenkja. Og no har eg med eitt jobba i tre timar, så no har eg dårleg samvit fordi eg har jobba for mykje; no burde eg jo lagt meg, det er så seint. Åh, fri og bevare seg for dårleg samvit.

Eg likar å høyre på torever. Eg trur eg elskar vind. 

Med helsing ho som jobbar med nynorsk for tida, og orsak! for eventuelle språklege bæsjar på leggen.

Ingen kommentarer: